Eit Benkeforslag, av Geddy Aniksdal

Foredrag til Gjenklangkonferansen i Porsgrunn, 8 september 2009, av Geddy Aniksdal

Pastor Reidar i Vår Frues Kirke tok imot meg ein tidleg morgon på kontoret sitt. Han hadde Pave Benedicts Encyklica på kaffibordet. Pastoren fortalde at denna paven fatta seg i kortheit, i motsetning til forgjengaren Johannes. Og at Pave Benedict la vekt på å nå fram til folk, so sjølv om boki var klart akademisk, so var det i popularisert versjon. At pastor Reidar hadde denna boki framme ga soleis inngang til ein heilt anna samtale oss i mellom enn om det hadde vore til dømes Verdens Gang som hadde lege der. No er forsovidt Pave Benedict og oppteken av verdens gang, men med liten v. Kanskje bedre det.

Paven seier i hvert fall, at ein av grunnane til at det ikkje berre er finanskrisa, men og ei tru`skrisa, er mangelen på skjønnheit. Og so snakka Pastor Reidar og eg om det. For hagen til den katolske kyrkja var ein av dei tema me snakka om, då hagen er ein av stasjonane på stedsansvandringi i år. Sjølv om menigheiten har eit trangt budsjett vil dei passa på og ha det velstelt og vakkert rundt seg. Fordi, det som me omgjev oss med, har mykje å seia. Fyrst påvirkar me våre omgjevnader, so påvirkar dei oss. Detta er egentleg eit kinesisk visdomsord, men eg hadde tenkt å lata som om eg hadde funne på det sjølv.

Skjønnheit og hage var dei to ordi som fekk det til å rima for meg. Vanlegvis er eg litt overgjedd over alt fokuset på skjønnheit, og satsar på personlegheiten, men det er då gjerne ein anna skjønnheit ein snakkar om? Noko meir overfladisk? Men dei gangene eg er på eit plantesenter, ser eg at det er mange mennesker der. Har det med trang til skjønnheit å gjera? Me her i nord gler oss over det vakre lyset, varmen, alt det som kjem med våren, me steller i hagane våre, på balkongen, ved inngangspartiet. Me gler oss over å vera ute. Me vil ha planter, blomstrar, fargar rundt oss. Det er fint med litt farge, seier me. Det livar opp. Sjølv har eg og vore oppteken av hagen, som ein friplass, tumleplass, som ein mogelegheit. Filosofen Epikurs Hage var ein stad der menn og kvinner møttest for å samtala, for å filosofera. Medan dei vandra.

At det er fint rundt oss, gjer noko fint med oss. Er det so enkelt? Sikkert ikkje. Men kven er det som ikkje likar ein vakker park, ein fin lund, eit levande torg? Felles fine samlingsplassar?

Pubeigar Jane, som driv Sailors Inn i lag med Bjørn, sa eingong til meg: Ser du, herfra og nedover til Down Town er gata som Gud gløymde. I Jane sitt tilfelle trur eg ho forvekslar Gud med kommunen, eller dei einskilde butikkeigarar og drivarar. Men det er påfallande vakkert med blomster og parkanlegg frå Meieritorget og oppover i byn, men ikkje ein blomsterkvast å sjå nedover.( No øverdriv eg litt, men sjå sjølv neste gong de går den vegen)

Utviklingen er ikkje kommen so langt sa eg da. Me ventar.

Men under Kulturnatti i fjor, då Grenland Friteater arrangerte allsang og all slags sang på Sailors, nytta me høve til å alliera oss med eigarar og drivarar, kommune og arbeidsfolk, og fekk rydda opp i villnisset rundt puben. No ser ein faktisk ned til pubben, og ein kan og finna ut at det ligg ein restaurant i andre etasje, der ein kan eta indisk mat, om ein vil.

Det har noko å sei at me har grøne lunger rundt om i byn. Blomsteranlegg. Skulpturar. Fontener. At det finst parkar og benkar. At det finst rom, so ein kan pusta. Ein merkar fort at noko er fint. Og at ein vil vera der. Ein vert dregen mot det.

Forfattaren Karin Sveen hadde eit lengre skriveopphald i Berkeley, USA. Ein tidleg vårdag vandrar ho rundt på campus, og sler seg til slutt ned på ein benk. Er ikkje våren fin, seier ho so til ein kvinneleg student som sit ved sidan av, og som ser opp frå notatane sine. For ho ser seg rundt som om ho verkeleg tek inn synet av alt som spirer og gror.

Er det ikkje fint no, seier Karin Sveen ein gong til, då ho ikkje får noko respons:

Då ser studenten distre på ho og seier: I really don`t pay any attention to the surroundings.

Ho var ikkje interessert:

Inter esse betyr å vera ein del av, eller gå opp i noko, om det no gjeld staden som geografi, med høgdedrag og humpar i fortauet, eller som sosial og kulturell kontekst.

Jubilado er namnet på pensjonist på spansk, den som skal feirast. Erling Reite på Velferden er med i år igjen. Han stolar fullt og fast på oss i leiinga. Og han spør regissør Vibeke: Kva skal de finna på med meg i år? Nokre folk i byn gjer oss ubetinga tillit. Det er rørande, og litt skummelt. I hvertfall ansvarsfullt. Seniorskuespelarane våre gjev klart og tydeleg uttrykk for at dei tykkjer det er verdifullt, viktig og moro for dei sjølve og vera med på Stedsans. Kven seier at til eldre enn vert til meir vanemessig vert dagane? Ikkje dei pensjonistane, los jubilados, som me arbeidar me i hvert fall. Sjølv om dei ikkje let sirkusøvingane komma i vegen for den årlege sjampanjeturen, so er dei med på det meste, erru gærren!

I Lyon i Frankrike utførde byplanleggarane ein test. Dei sette opp benkar på forskjellige plassar rundt om i byen og sjekka so over lengre tid kva benkar som vart brukte, og freista finna ut kvifor.

Dei benkane som vart brukte var dei benkane som gav dei som sat der utsikt til å sjå på andre folk, og kva dei gjorde..

I Porsgrunn kunne me godt hatt fleire benkar. Men me har og benkar som ingen brukar. Kvifor? Dei står feil.

Eit eksempel frå vår eigen by: I utkanten av Rådhusplassen, vend inn mot ein mørk skuggefull stad, og med utsikt til apotekinngangen er det nokre benkar. Det er so rått i det området at benkane alltid ser blaute ut, til og med på ein solskinsdag. Dei som skal ringa i telefonboksen som står attmed, brukar dei ikkje, dei , ofte eldre som skal på apoteket, og som gjerne må venta på at ein resept vert ferdig, brukar dei ikkje. No skulle ein tru at sleke benkar i ein litt mørk lund skulle innby til andre folk og transaksjonar, som og går føre seg i detta området. Nei, ikkje dei narkomane eingong, som elles ofte tek til takke med lite sler seg ned her.

Benkane står på feil plass. Lakmustesten ligg alltid hjå folk sjølv. Det er dei som set seg, på benkar. Berre gå og sjå sjølve!

I København utførde arkitektstudentar eit anna eksperiment. Dei skulle finna ut kva som fekk folk til å stogga opp i byen.. Dei sende folk gjennom samme ruta og overvåka dei. Prøvegruppa gjekk rett forbi ein påkosta reklame i eit litt glatt banklokale, gjekk rett forbi diverse utstillingsvindauger, men då dei kom til ei tomt der det var byggearbeid, og arbeidsfolki gjekk til og frå med trillebår, sement, byggematerialer, heiste bøtter oppover i etasjane, der stogga folk opp og såg som om dei var på kino! Menneskeleg aktivitet, nok ein gong. Fordi då dei utførde det samme eksperimentet etter klokka fem, var det ingen som stogga opp ved byggeplassen. Arbeidarane hadde gått for dagen.

Detta minnar meg om ein artikkel i ei avis eg las, skilnaden på dei av oss som har kroppen som oppussingsobjekt eller som arbeidsredskap. Eg har berre prøvd det siste. Det hadde eg heller ikkje tenkt å seia, men no er det sagt.

Planlegging av ei oppussing på Meieritorget, av ei omlegging av gatelegemet: eg spør: må alt venta til det er bevilga NOK pengar, og det er tid for byggestart? Kan ein ikkje klargjera grunnen, visa vilje, sei fysisk til folk at det kjem, om enn ikkje alt enno? Er ikkje noko mykje bedre enn ingenting?

Kvifor stoppar det opp på Ungdomstorget? Kvifor kan ein ikkje tilgodesjå ungdommen med noko, istadenfor ingenting? Alt til bilane? Er det god planlegging at etter at Stedsans i 2005 har synleggjort området nede ved elvi at Ungdomstorget vert til parkering, og at Neptunparken er byggeplass? Var byggeplass. Kvifor kunne ikkje ungdommane få skata der? Dei driv ein spektakulær idrett, kvifor er dei utstøtt til Uræddplassen utafor sentrum? Og skaterampa vert til nødbustad for tiggarar? Forvist nesten, begge grupper? Vekk med dikka. Når de ikkje skal på Down Town og handla da… Men livet er vel litt meir enn å handla og å kløppa håret på kvarandre?

Men bilane skal stå der. Er det so vakkert? Eller klokt? Eller nødvendig? På den stygge bensinstasjonen som var der før kunne ein i det minste få handla noko, og treffa nokon. Parken som no er i orden att, vert og til ein merkeleg ingenting, klemd som han er mellom vegbane, bru og busstrasear.

Kunne ein ikkje gjort ein slek ekstrem forvandling på 48 timar som dei gjorde i Larvik med volleyballbana? Og forvandlinga av heile indre havn? Ordføraren seier sjølv at detta hadde dei aldri fått gjort so raskt om det var eit kommunalt prosjekt. Kommunen tok initiativet, men sjølve prosjektet vart eigd av 42 000 innbyggarar. So spør journalisten vidare: Men detta er ikkje typisk ordførarprat: Og han svarar: Kommune-Norge sin største utfordring er at dei ikkje har greidd å tilpassa seg det moderne samfunnet. Medan andre sit og trykker på knappar, so sit me og stemplar papir og har tre vekers høyringsfristar og klagemogelegheitar heile vegen. Det er overdemokratisert. Kvar minste fluga kan protestera og stogga eit stort prosjekt.

I fjor var befolkningsauka i Larvik større enn auka i Horten, Tønsberg og Sandefjord til saman! Det seier oss noko.

So er det so lurt å venta med absolutt alt, til ein får alt på ein gong? Eventuelt at det ikkje vert noko av? Kva gjer me i mellomtida? Eg sler eit slag for benkane, og plantene. Og kulturhus. Og skateplassar til ungdommen. Og litt meir oppfinnsomheit og mot med å få bilane VEKK frå sentrum. Det er me fotfolket som skal vera her. Kan det vera so vanskeleg? Kan me ikkje få labbebuss og Barnas Dag toget og kabelferja i stadenfor? Og litt meir skjønnheit takk, i beste Pave Benedict stil. Sjølv ein hedning som eg er med på det.

På Cuba, der Grenland Friteater hadde CaminArte prosjektet i mars i år er det mange folk og mange benkar. Her er det fint å vera, sa deltakar Lea snart 6 år. Eg trur at ein fin by er ein by som du har lyst til å vera i sjølv om du ikkje har noko ærend. Rusla ein tur på byn. Setta seg på benken ved Minneparken for å sjå på dei vakre blomstrane der. Og på folk som går forbi.

.

Første året me hadde Stedsans so øvde me i Minneparken, der det ofte sit bykameratar på benkane. Og drikk øl. Vanlegvis heiter dei byens lause fuglar, ølikar eller slekt. Då me skjønte at dei , faktisk er nokre av dei som kjenner og brukar byen mest og best?, døypte me dei om til bykameratar. Og ville ha dei med i opplegget. Det torde dei ikkje. Me fekk intervjua dei, spørja dei ut, men dei ville ikkje på ”scenen ” kvar dag. So me lagde våre eigne bykameratar, Ludde og Laila. Ein dag dreiv me og øvde på scenane deira. Då kom dei ekte bykameratane bort og ba oss om å ikkje bråka slek, fordi dei var so snare til å ringa etter purken inne på Hammondgården. De kommer til å tru at det er oss, ikke bråk så fært! Da blir vi jaga! So me måtte setta opp eit skilt der det sto at ”fyllebråket ” var teater. Til takk ”rappa” dei rekvisittane våre, ein heil pose med tomflasker! Det la me inn i forestillinga, men igjen som teater! Etter at vandringane var ferdige og livet deira, og vårt, var meir tilbake til normalen, ga me dei ein benk som det sto Bykameratane på. Den fekk stå mest eit heilt år før nokon tok han med seg. Eller hyvde han i elvi? Kva Porsgrunnselvi kan romma!

Men benk fekk dei, ein lett ein, som dei kunne ta med seg inn under Storetreet ved Kebaben når det regna. Sitja der, sjå utover elvi. Siktlinjer og møteplassar. Levd liv. Kvinneliv. Menneskeliv. Spor etter menneske. Arbeidsfolk. Arbeidsnevar. Kvar på sitt vis har dei vore med på, er dei med på å gjera ein forskjel. Det er forskjel på folk. Og folk kan gjera forskjel. Me må berre hugsa på det. At det spelar ein rolle.

Det går ein hobbygartnar rundt i byen vår. Ho heiter Ida Barclay og steller hagen ved den katolske kyrkja med svært beskjedne midlar. Ho får so mykje utav det vetle ho har til rådigheit at ho minnar meg om Jesus som metta eit heilt folk med to brød og fem fiskar. Ho tek Pave Benedicts ord heilt bokstaveleg, og arbeidar kvar dag med at omgjevnadene skal vera til glede for folk. Ein benk. Eit blomsterbed. Ein plen. Gartnar i Guds Hage. Ja sikkert, men og gartnar for alle oss som merkar forskjel. So samma kor glad eg er for at me får Kulturhus, for det får me vel? so må me ikkje slutta med uteleikingi vår. Me må reka ute. Gatelangs. Det er nok av innetid og leiking elles. Me må ut. På by`n.

Takk for oppmerksomheiti. Takk for meg.

Geddy Aniksdal

Kunstnarleg leiar

Stedsans