Tvisyn

«Tvisyn- ei forestilling om ein døl ved ein annan».
 

Det er i år 200 år sidan Vinje blei født, men Tvisynet hans er i høgste grad aktuelt også i dag- eller bør vere det!

Dette er ei soloforestilling med vest-telemarkingen Leif Arild Sanden som A. O. Vinje og seg sjølv. 
Vi kjem innom både barndom, vaksenliv, poesi, mykje humor, tvisynt journalisme og sparkande satire. 
Var og er dølen ein flåkjeft- eller eit flogvit -altså geni? Poet eller potet? Eller rett og slett ein potetspritbrennar? 
Ei forestilling med stand-up og magisk realisme, biografiske fakta og litt løgn, alvor og skjemt. 

Forestillinga er musikalsk bildelagt av Spelemannsprisvinnaren Anne Hytta, manus og regi har Tor Arne Ursin og Leif Arild Sanden stått for.

Skal du fare, må du ha noko å fare med! seier Dølen. Men treng ein det? Ein kan vel bare fare av stad? Og sjå kva som kjem? «Ferdaminne» blir aldri meir det same!

Vi fylgjer både Dølen Vinje og ein litt forsoffen døl av i dag på ei reise på kryss og tvers av både tid og geografi. Er Dølen flogvit eller flåkjeft? Poet eller potet? Eller rett og slett potetspritbrennar?  Det er i år 200 år sidan Vinje blei født, men tvisynet hans er i høgste grad aktuelt også i dag- eller bør vere det! På ein liten time kjem vi innom både barndom, vaksenliv, poesi, sparkande satire og mykje humor.

 «Tvisyn – om ein døl ved ein annan» er ei framsyning med stand-up og magisk realisme, biografiske fakta og litt løgn, alvor og skjemt.

Leif Arild Sanden, skodespelar, lærar, skrivar, humorist og innimellom dørgande alvorleg vest-telemarking frå Kviteseid , busett i Treungen og sviv eindel helgelangs på Grünerløkka. Har bakom seg mange hundre svært ulike solooppdrag på kurs, konferansar, bursdagar og slikt- men også tittelrolla som «Den gjerrige» av Moliere i Grenland Friteaters tapping, som beverbestemor på PS 14 (Teater Ibsen og Grenland Friteater) og som Talleiv Huvestad i soloforestilling om Eidsvollsmannen frå Vest Telemark. Årets Spelemannprisvinner Anne Hytta har skrive tvisynte, trassige og hugmjuke musikken i forestillinga og Grenland Friteaters regissør har ein finger med i det meste.

Tor Arne Ursin og Leif Arild Sanden – manus                                                           
Tor Arne Ursin  (Grenland Friteater) – regi
Anne Hytta – musikk
Jo Fougner – kontrabass

Ulrik Ibsen Thorsrud – perkusjon
Unni Bang Andersen (Teater Ibsen) – kostyme
Heidi Elisabeth Rød – parykkmakar

Forestillinga er ein samproduksjon mellom Sanden kulturupplivingar, Grenland Friteater, Teater Ibsen og Riksscenen.

Forestillinga blir vist ei rekkje gonger på turné i Vestfold og Telemark og på Riksscenen i Oslo.

Det er planlagd ei rad lukka framsyningar for lag og foreningar i Vestfold og Telemark. Men det blir óg opne forestillingar i Treungen, Fyresdal, Horten, Seljord, Notodden, Gråtenmoen, Menstad, Bamble, Lie og Drangedal

«Dølen» skal óg delta på opninga av årets Dyrskue i Seljord  14.09 og markeringa av Vinje-jubiléet i Universitetets aula i Oslo 26.10

 Turnéplan finner du  HER 

http://www.teateribsen.no/index.php?page_id=4820

https://www.riksscenen.no/tvisyn-leif-arild-sanden.6119465-439509.html

https://www.dyrskun.no/aktiviteter/2018/dyrskun%202018