Flyktningens sju songar

20150430-flyktning-1413-webDå Georg Johannesen ga ut si attdikting av Tu Fu sine 1200 år gamle tekstar i 1968 – so å seie i media-skuggen av Vietnam-krigen, kjendes dei merkeleg aktuelle. I åra som har gått, er tekstane ikkje vorte mindre aktuelle. Dei gjer stadig eit djupt inntrykk på lesarar og tilhøyrarar.

Tu Fu reknast av mange for den største kinesiske diktaren gjennom tidene. Han opplevde Tang-dynastiet sin bråe undergang. Han var esla til eit av dei høgste embeta i riket, men sank ned på tiggarstadiet – dreven frå provins til provins av krig og hungersnaud. Tu Fu var “ikkje ulik andre menneske unnteke i omfanget av hans kjenslevarheit.” Hans “eg” er alltid eit “me”.

Dette er den tredje framsyninga der Geddy Aniksdal tolkar Georg Johannesen sine tekstar.

Les PD intervju om forestillingen her

Produksjonen er støttet av  Fritt Ord og Bergesenstiftelsen

Tekst:  Tu Fu/Georg Johannesen

Omsetjing til nynorsk:  Geddy Aniksdal

Regi:  Tor Arne Ursin

Skodespelar:  Geddy Aniksdal

Komponist:  Guttorm Guttormsen

Lysdesign: Jean-Vincent Kerebel

Scenografi/kostymer:  Zoe Christiansen

Scenografi/grafikk:  Anna Andrea Vik Aniksdal

Maske:  Heidi Elisabeth Rød

Søm og hatt:  Unni Bang-Andersen

Foto: Dag Jenssen